Skip to content
Foto: Idar Arne Kristiansen

Fire av fire for Thea Brænde og Volda

Tekst: Idar Flo, Foto: Idar Arne Kristiansen Publisert: 20/01/2025

To mål mot Vålerenga markerte eit flott punktum for ei travel men også særdeles vellykka handballhelg for Thea Brænde og Volda.

Thea Brænde er berre 16 år, men i tillegg til 16-årslaget er ho fast inventar på Volda sitt lag i 2. divisjon, og denne helga var ho også med i troppa til 1. divisjonslaget. Alle desse laga vann sine kampar denne helga.

Fyrste kamp for Thea var mot Rælingen i 2. divisjon på laurdag ettermiddag. Kampen endte 28 – 22 til Volda. Eit par timar seinare var det ny kamp. I Regionserien for J16 skulle samarbeidslaget Volda/Ørsta fyrst møte Byåsen, og tok tidleg ei solid 8-0-leiing. Etter kvart kom Byåsen noko meir med i kampen, men den endte likevel med 24 – 20 til Volda/Ørsta.

Søndag morgon venta tøffare motstand mot Charlottenlund. Etter å ha lege bak store delar av kampen, snudde Volda/Ørsta til seier 22 -20 i sluttminutta. Dermed avanserte laget til 2. plass i Regionserien.

Kampen mot Vålerenga bar tydeleg preg av at dette var topp mot botn i 1. divisjon. Mot slutten av kampen fekk Thea sjansen på parketten, og takka for tilliten med to fine mål. Med seier 35 – 16 økte Volda luka ned 2. plassen til fire poeng.

Søndag 26. januar kl. 15.00 kjem Levanger på besøk, billettar kan du kjøpe i Volda handball-app eller ved inngang.

Merkesteinane m/Øyvind Lied og Simen Bjørdal: I pausa i kampen mellom Volda og Vålerenga fekk vi ei hit-parade med Merkesteinane. Med låtar som «Den finaste dama» og utilslørt publikumsfrieri skapte bandet god stemning og hausta stor applaus frå eit talrikt publikum.