Toppkamp når Bodø gjester Bergsøy! – Norsk Topphåndball

Toppkamp når Bodø gjester Bergsøy!

Etter ein nervepirrandes kamp i Trondheim tok Bergsøy med seg to poeng i minibussen til Bjørlykke transport, etter ein voldsom snuoperasjon siste minuttet. Til helga inviterar Bergsøy handball til ein fartsfylt toppkamp i 1. divisjon, når det ambisiøse laget frå nord kjem på besøk til REM Arena Fosnavåg!

Eit lag i flyt

Etter elleve kampar står Bergsøy med sollide 20 poeng, med 10-0-1 i statestikk. Med god hjelp frå Ryger Stavanger som på imponerandes vis slo Viking TIF 35-32 førre helg, samtidig som Bergsøy satt spikeren i kista i trøndelag, kan Bergsøy-supporterar sjå at Bergsøy no ligg aleine på topp, enn så lenge!

Bodø kan vise til varierande form, med berre to sigerar siste fem kampane. Etter ein knallsterk start på sesongen, har det vorte tap mot opprykksrival Viking TIF (24-27), siger mot Åsane (33-30), uavgjort mot Lillestrøm (28-28), tap mot Bjørnar (30-29) og siger førre helg mot Tiller (33-20). No ventar altså Bergsøy i REM Arena Fosnavåg! Ikkje ideelt for laget frå nord som starta eliteserie-kampanje allereie før sesongstart.

1. divisjon menn, Håndballsesongen 2025/2026

NrLagKVUTMålP
1Bergsøy111001337 – 29920
2Viking TIF11902382 – 30918
3Melhus11902335 – 30118
4Bodø11812336 – 25717
5Kragerø11713320 – 33915
6Charlottenlund11605325 – 28612
7Åsane11506336 – 33310
8Haslum HK11416312 – 3229
9Lillestrøm HK11416321 – 3329
10Nordstrand11317280 – 3047
11Tiller11317293 – 3417
12Ryger Stavanger11227280 – 3236
13Bjørnar11209307 – 3474
14Grenland Topphåndballklubb111010279 – 3502

Bodø neste

Før Bodø kjem på besøk på laurdag, har vi teke ein prat med årets nye tilskot, Odin Silseth Tømmerbakk, om kva nøkkelen har vore til den gode flyten og toppkampen som ventar på laurdag!

10-0-1, knepne sigerar og tabelltopp, Odin?

«Ja, med ein så bra start som vi har fått tidlig i sesongen så er sjølvtiliten heilt der oppe. Då blir plutseleg jamne kampar som bikkar vår veg ikkje alltid like tilfeldig. Vi har eit bra system som alle spelarar har trua på og dette står vi i – heilt til dommeren bles av kampen. Heldigvis har det løna seg svært godt hittil i sesongen. Så har vi vore uheldig med skadar på viktige spelarar (Markus Buchardt og Kristoffer Welle Rosenkilde), det har sjølvsagt vore veldig leit, men gruppa har bretta opp erma og virkelig stått på!

Odin og Markus (19) jublar for to poeng i førre toppkamp mot Viking TIF i ein fullsatt hall(Foto: Eivind Sævik)

No ventar Bodø, eit lag med ambisjonar om Rema 1000-spel, som har tapt nokre uventa poeng. Kva kan de forvente på laurdag?

Det kjem nok eit heiltent Bodø-lag til Fosnavåg på laurdag. Dei er svoltne på to poeng etter nokre ujamne prestasjonar dei siste kampane. Det blir ikkje tilstrekkeleg for oss å være tilstades i ein omgang, eller 45 minutt. Vi må være på vårt beste i 60 minutt skal vi ta to poeng.

Eg oppfordrar og håpar eg at Bergsøy-supporterane tar ei pause frå ei travel juletid og kjem til REM Arena Fosnavåg på laurdag klokka 16:00. Vi treng all den støtte vi kan få i den viktige fire-poengskampen mot Bodø!